I atelieret hos billedkunstner Ellen Kalvig
Eg bur i Suldal med skogen og fjellet rundt meg. Her bygde eg atelier i 2013. Har arbeid med bilete sidan 1985 og hatt jamnlege utstillingar sidan 1986. Inntrykka eg får på mine daglige turar i skog og fjell tek eg med inn i arbeidet mitt. Dei skiftande stemningane gjennom lys, årstidene og klima, interesserer meg. |
Eg nytter maleri, grafikk, og fotografi i arbeidet mitt. Ved bruk av mykje vatn og bindemiddel i akrylmaling, gjenskapar eg det eg opplever i naturen. Sjå biletmaterialet, t.d.«Pusteøvingar» nedanfor. |
«Pusteøvingar» |
I grafikken arbeider eg fortida med treet som tema og begrep. Trea som veks i grensa, mellom li og høgfjell har marginale forhold. Veksten er prega av dette gjennom struktur og form. Dette interesserer meg, og har planer om å nytta materialet vidare i mitt arbeid, både grafisk og malerisk. |
«Forgreininger av liv II» «Forgreininger av liv» |
Eg samarbeider med skogsarbeidarar i Suldal og Hjelmeland for å ta ut emner til grafisk arbeid i atelieret. Her får eg hjelp til å skjera og høvla materialet. Lager serier med tresnitt og avtrykk/dokumentering av funn av krokete gamle tre/greiner/ verslitne kledningsbord. |
«Selje»
|
I seinare tid har eg arbeidd med silketrykk på ugrunna malt bomullslerret. Då får eg nytta fotografisk gjengjeving, og saman med malinga vert det eit eige uttrykk. (Bilete under "Sandsa Bjørk") Denne blanding av teknikk vil eg arbeida vidare med i tida som kjem. Har fleire idear om å inkorporera foto i bileta, og leiter etter nye måtar der dette kan fungera. |
Frå Tou Trykk |
Elevar fra Kunstskulen i Rogaland tek eg imot 2 veker i november som ledd i deira undervisning. Dette har eg gjort i 5 år no. Eg samarbeider også med det lokalet kunstlaget i Suldal. Det vert arrangert kunstkafé i atelieret mitt ein søndag i året. Dette fører til gilde møter mellom folk, og eg får visa arbeid og produksjonen. |
Ei kort oppsummering Eg var utdanna i 1985 fra Kunstskolen i Rogaland. Har hatt jamnlege utstillingar i inn og utland etter dette. Bur og arbeider i Suldal. Nå arbeider eg med tre som tema. Ønsker å fordjupa meg i teknikk og leiger plass på Tou Trykk i Stavanger, for å arbeida vidare med silketrykk på malt lerret. Jobbar med formidling, held helgekurs i grafiske teknikkar ved høve, og har kunstkafe i atelier ein dag i året i lag med Suldal kunstlag.
Neste utstilling er i Surnadal kunstlag, november 2023. Her finner du utvalget av arbeidene mine på Neo Galleri Her finner du meg også: | Nettsiden | Instagram | Facebook | |